Kontakt oss!

Har du spørsmål eller ønskjer eit pristilbod? Fyll ut skjemaet nedanfor, så tek vi kontakt med deg så snart som mogleg.

hCaptcha
undefined

Sivert Helland

Tekniker
sivert@carbil.no 45 88 43 22
undefined

Leon Myrvåg

Teknisk leier
leon@carbil.no 90 26 00 43
undefined

Eddy Kalvatn

Tekniker
eddy@carbil.no 93 04 54 32
undefined

Magnar Romestrand

Selger
magnar@carbil.no 48 99 03 06
undefined

Helene Rosenblad

Dagleg leiar
helene@carbil.no 45 80 26 70
undefined

Camilla Romestrand

Butikk- og delelager ansvarleg
camilla@carbil.no 90 55 70 34

Heile campingopplevinga på eitt sted

Erfarne fagfolk med lidenskap for camping

Caravan og Bil AS blei etablert i 2024 av fagfolk med over 25 års erfaring frå campingbransjen. Vi kombinerer teknisk kunnskap, bransjekunnskap og ekte campingglede for å skape ei verksemd der kundane får det dei treng – og litt til. Målet vårt er å vere ein totalleverandør innan camping: bubil og campingvogn, butikk og verkstad – alt samla på éin stad.
Vi legg stor vekt på kvalitet i alt vi gjer – frå rådgjeving og sal til reparasjonar og kundeservice. Kundetilfredsheit er ikkje berre eit mål, det er drivkrafta vår. Meir enn å selje produkt, ønskjer vi å bidra til gode campingopplevingar – uansett om du er førstereisande eller erfaren caravan-entusiast.

Lokal forankring og ekte engasjement

Vi held til i Volda, og det er her vi har røtene våre. Det betyr at du møter ekte folk, ikkje automatiserte svar. Vi kjenner både lokalmiljøet og kundane våre – og dei kjenner oss. Du får rask og personleg hjelp, og vi strekker oss langt for å finne løysingar som passar for deg.
Vi trur på verdien av tillit, langsiktige forhold og ekte kommunikasjon. Når du tek kontakt med oss, får du snakke med folk som bryr seg – ikkje berre om camping, men om deg og dine behov.

Heilelevarandør for campinglivet

Hos oss finn du eit stort utval av campingutstyr i butikk, eit eige autorisert verkstad for vedlikehald og reparasjon, og sal av både nye og brukte bilar – blant anna gjennom vårt samarbeid med Sun Living, eit undermerke av Adria.
Vi tilbyr også kommisjonssal for deg som vil selje bobil eller campingvogn, og vi samarbeider med solide partnarar innan til dømes batteri og utstyr. Dette gjer at vi kan tilby skreddarsydde løysingar – uansett om du er på jakt etter nytt utstyr, vil pusse opp campingbilen, eller treng hjelp til ein fukttest.